Måndag 10. mars hadde det nye styret sitt første møte etter årsmøtet. Mellom fleire saker på agendaen, vart det teke fatt i arbeidet med politiattestar for dei som har verv og roller i laget som inneber kontakt med born. Laget har ikkje innhenta politiattestar sidan 2011, og det er difor naudsynt å supplere og oppdatere listene våre. Styret vart samde om at ein denne gangen vel å hente inn nye attestar frå alle som har roller og verv i laget, også dei som sit i dei ulike styra. Vidare bestemte styret at her må vere ein ansvarleg kontaktperson for dette arbeidet, som i år vert Oddvar Hatlem. Han vil i vekene framover få på plass ein oversikt over korleis innhentingsarbeidet skal gjennomførast i praksis, og deretter sette gruppeleiarane i gang med å få alt på plass.
Me kjem tilbake med meir informasjon om dette arbeidet etter kvart, og ber alt no dei som har roller og verv om å førebu seg på at dei må levere politiattest. Om du har spørsmål til dette arbeidet, ta kontakt med kontaktperson for politiattestar i styret Oddvar Hatlem, eller leiar i idrettslaget Joakim Systaddal.
You must be logged in to post a comment.