Lihestklyvet 2014

Utsyn frå Gygrekjeften

Utsyn frå Gygrekjeften

Sundag 8. juni er det for 24. gang klart for Lihestklyvet. Løypa går som tidlegare frå Lekva, via 3L-stølane til Gygrekjeften – og tilbake. Ved stølane vert det servering av Gygreskvetten, som gjev energi til siste etappe, eller for restitusjon før nedstiginga. På toppen vert det utdeling av merke og plakettar, samt trekking av premie på påmeldingsslippen.

Lihestklyvet er ein topptur, og turen tek 5 – 6 timar å gå, og har høgste punkt på 714 meter over havet. Det krev at ein er i nokonlunde god fysisk form. Den enkelte deltakar er sjølv ansvarleg for å vere tilstrekkeleg førebudd. Gode sko og klede etter vêret er ein føresetnad for ei god turoppleving. Hugs niste og rikeleg med drikke. Det er råd å fylle vassflaskene undervegs.

Nøkkeltidspunkt:
– Registrering på Lekva frå 09:30 til 10:30 (hugs stempling ved stølane og på Gygrekjeften)
– Servering av Gygreskvetten ved stølane frå 11:00
– Premiering på Gygrekjeften frå 12:00

Ein kan lese litt meir om turen på Ut.no: http://ut.no/tur/fjelltur-til-gygrekjeften-h22b

Sjå i tillegg hending på Facebook!