Nytt system for medlemsadministrasjon

KlubbAdmin

Frå og med i år tek Hyllestad Idrettslag i bruk Idrettsforbundet sitt system for medlemsadministrasjon, KlubbAdmin. Dette vil lette arbeidsmengda for laget, og ikkje minst gje mykje betre oversikt på medlemsmassen. Idrettslaget er ansvarleg for å rapportere til ulike instansar om medlemmane kvart år, og dette vert no mykje enklare og meir presist. Systemet er ikkje heilt ferdig og klart til bruk endå, men vil bli operativt i løpet av året. Så snart medlemsregisteret er lagt inn, vil det bli sendt ut giro med innbetalingsinformasjon til alle medlemmane i posten.

I mellomtida er det fullt mogeleg å gjere innbetalinga for 2014 på same måte som før. Gjeldane satsar finst på sida «Bli medlem«. Hugs berre å merke innbetalinga med namnet til den eller dei som medlemsavgifta gjeld for, samt kva aktivitetar ein eventuelt betalar treningsavift for. Bruk tekstdelen i nettbanken for å gje desse opplysningane. Dersom der ikkje er nok plass, sendt informasjonen på ein e-post til kasserar Solfrid Andersen.