Sakliste årsmøte 2021


 
saklista for årsmøtet:
Under finn du sakspapira til møtet.

Sak 1: Godkjenne røysteføre
Framlegg: Dei røysteføre vert godkjende

Sak 2: Godkjenne innkallinga
Framlegg: Innkalling vert godkjent

Sak 3: Godkjenne saklista
Framlegg: Saklista vert godkjend

Sak 4: Velje møteleiar
Framlegg: Til møteleiar vert … vald.

Sak 5: Velje referent
Framlegg: til referent vert … vald.

Sak 6: Velje to medlemmer til å signere protokoll
Framlegg: Til å signere protokollen vert … og … vald.

Sak 7: Behandle årsmelding, samt gruppemeldingar for 2020
Framlegg: Årsmøtet tek årsmeldinga og gruppemeldingane til vitande.

Sak 8: Behandle idrettslagets rekneskap i revidert stand
Framlegg: Rekneskapen til idrettslaget vert godkjend. Årsmøtet merker seg merknaden frå revisjonen og ber Biljardgruppa om å gjere nødvendige tiltak.

Sak 9: Fastsette medlemskontingent
Framlegg: Styret gjer framlegg om uendra kontigent.

Sak 10: Fastsette treningsavgifter
Framlegg: Styret gjer framlegg om uendra treningsavgift.

Sak 11: Vedta budsjett
Framlegg: Budsjettet til idrettslaget vert godkjend slik det ligg føre. Styret får fullmakt til gjere nødvendige endringar på budsjettet om det vert endringar i aktivitet på grunn av endring i aktivitet ved lettelser i Covid-restriksjonar.

Sak 12: Foreta følgande val:

12.1 Leiar

12.2 Øvrige styremedlemmar

12.3 Medlemmar i dei ulike gruppene
Saksbehandling:
Valnemnda legg fram sitt framlegg. Det vert deretter lagt fram for ordinær behandling og røysting.


Det er ikkje kome innspel til andre saker til årsmøtet.

MAL sakliste idrettslag som følger NIFs regnskaps- og revisjonsbestemmelser

ÅRSMELDING – HOVUDSTYRET 2020

På årsmøtet i fjor feira vi jubileum for laget. Styret så for seg at det skulle bli høg aktivitet og sosiale aktivitetar for å feire jubileet meir. Covid har endra mykje i idrettslaget i det siste året.

Covid har endra aktiviteten for alle gruppene. Kvar gruppe har omtalt dette i sine rapportar.

For styret sin del har Covid var tema i fleire møte. Styret har vurdert det slik at idrettslaget skal følgje nasjonale råd, lokale råd og forskrifter og oppmodingar frå kommunen elles. Eventuelle lempingar på dette må komme etter avtale og godkjenning av kommunen ved smittevernlegen.  Det kan til tider vere utfordrande å skulle halde seg til dei nasjonale råda, men styret har konkludert at vi ikkje har kompetanse til å vurdere korleis idrettslaget eventuelt kunne fråvike dei nasjonale råda osb. Dessverre er det grunn til å frykte at dette året vil påverke aktiviteten i laget negativt også etter at alle restriksjonar er avslutta.

For å få ut informasjon har styret nytta kanalen vår på facebook, samt direkte kontakt med gruppeleiarane.

Framover må styret og gruppene ha fokus på å bygge opp att aktiviteten i laget.

Dei nye aktivitetane (handball, volleyball og badminton) som har vore starta opp dei siste åra har hovudsakleg vore gjennomført så langt Covid har tillat.  Styret håper at dei aktivitetane kan halde fram og utvikle seg i året som kjem til liks med dei andre aktivitetane i laget.

Rundløpsbanen har vore ferdigstilt sidan 2019, men har ikkje vorte offisielt opna enno. Det håper vi kan skje i løpet av 2021. Idrettslaget vil og vere med å ferdigstille nettinga ned mot skulen.  Elles har det vore skifta reklameplakatar på fotballbana og det er kommet opp skilt i hallen.

På grunn av Covid har aktiviteten med utleige i fleirbrukshuset vore lågt. Det har betydd at eigarane har måtte dekke faste kostnadar på huset. Deler av idrettslaget sitt tap pga dette har vi søkt om kompensasjon for og fått innvilga det. No er kriteria endra og vi kunne i første delen av 2021 ikkje lengre søke som slik kompensasjon.
Det har vore jobba med å utvikle ny heimeside, og vi har samarbeida med Sarah Sætveit i det arbeidet. Målet er å få distribuert ny heimeside i løpet av første halvår 2021.

Styret har gjennomført møter både fysisk og digitalt. Framover vil helst halde møta fysisk når smittevernreglane tillater det. Styret har konkludert med at dropbox vert bytta ut med idrettsforbundet sine lagringsløysingar på teams. Den løsninga kan og nyttast til kommunikasjon i styret om nødvendig.

Styret har tatt del i idrettskretsen sitt ting og skolering i styrearbeid.

Også i år har Hyllestad IL har hatt mange flotte prestasjonar gjennom året i fleire ulike grupper.  Styret gratulerer og applaudere trenarar og støtteapparat rundt idrettsutøvarane våra. De gjer ein fantastisk jobb.

For styret er det viktig at innbyggarane i Hyllestad skal ha gode tilbod til fysisk aktivitet men også for å skape samhald og leggje til rette for gode samlingsstadar for born og vaksne i Hyllestad kommune.  Styret har i året som har gått tatt del i arbeidet til Liv og Lyst i Hyllestad samt utvikling av nærmiljøanlegg/uteområde rundt Hyllestad skule.

Styret håper på framleis god oppslutnad kring laget J

Styret takkar og alle våre sponsorar og alle som har bidrege i vårt dugnadsarbeid. Begge deler ar avgjerande for at idrettslaget kan halde opp år aktivitet.

Medlemmar i hovudstyret i 2020 Morten Askvik (leiar), Anne Lise Underdal(nestleiar og sekretær), Kari Virkesdal (kasserar), Unni Systaddal (utviklingsansvarleg nettside), Oddvar Hatlem (anleggsansvarleg), Gaute Lundeland (dugnadsansvarleg) og Asbjørn Løland (sponsoransvarleg).

På vegne av styret 

Morten Askvik

MAL sakliste idrettslag som følger NIFs regnskaps- og revisjonsbestemmelser

Årsmelding Friidrett/Løping og Sykkel 2020

Sesongen 2020 har vore prega av restriksjoner på fellestreningar og avlyste konkurranser. Når det gjelder løping, så er mykje av treningane basert på egentrening. Det har difor ikkje vore noko problem å gjennomføre treningsopplegg der ein vil kunne forberede seg til den sesongen som var planlagt å komme. Det som var utfordrane var å halde oppe motivasjonen når mange av måla vart utsett eller avlyst grunna pandemien.

Friidrettsgruppa er ei lita gruppe med få aktive deltagere, men vi har som mål å få fleire til å bli interessert i løping. Vi hadde som mål å arrangere mindre løpsarrangement på friidrettsbana og arrangere karusell-løp der vi og benytta litt av kvernsteinsparken som ein del av løpetraseen. Vi har der fått gjennomført eit par testløp i forbindelse med arrangering av virtuelle løp. På Norgesmila var det 3 løpere og «Maraton på heimebane» var der 4 deltakere på ulike distanser. Dei som har deltatt er den voksne del av løparane, men håper likevel av vi skal kunne få opp interessen litt og litt, sjølv om det er lett å ikkje finne løping interessant nok for dei yngre.

Vi har pr no 3 aktive løparar som reiser på ein del konkurranser rundt omkring i Norge, og sjølv om mange løp har vorte avlyst, så har det vorte litt organiserte løp gjennom året.

Andreas Ytredal Akse er yngstemann på 20år. Han er den pr no med det største løpstalentet i klubben. Han var i 2020 på treningsleir i Barcelona i regi av jølstringen Eivind Øygard som er i norgeseliten i langdistanse. Andreas har hatt få løp i år men har satt ny personlig rekord på halvmaraton på tida 1:17:59. Vi trur at dette er klubbrekord, men vil heilt sikkert sjå tider under denne når løpsesongen starter opp igjen. Elles har han prestert å løpe 3000m på tida 09:18:00 på eit stemne på byrkjelo.

Stig Kongsvik er klubbens ukjente løper og kjem frå Førde. Han er 34 år og satser på langdistanse og har deltatt i 5 konkurranser i 2020. Han starta med maraton i Bergen den 18.januar og sprang der på tida 03:02:09 som vart bestenotering i år. Videre har han hatt 3 maratonløp (42,195km) før han avslutta sesongen på Karmøy Maraton i november på tida 03.06.20. Han har og deltatt i Sunnfjord Ultra, eit løp som går frå Førde til Rivedal i askvoll. Han sprang den distansen på 6timar og 28min. Stig har sitt neste mål å kunne løpe under 3 timer på maratondistansen.

Ove Wolff har hatt ein bra treningssesong og fått med seg 7 maratonløp i løpet av sesongen. Her har det vore 3 løp som har vorte arrangert virtuelt og 4 løp som har vore offisielle konkurranser. Målet er fortsatt å vere med å konkurrere med dei beste i sin aldersklasse.

Når det gjelder sykkel, så har det vore lite organisert aktivitet etter at spinningsalen vart steng. Etter mars forflytta ein seg ut, men då tilbake med eit mindre antall syklistar. Det har likevel der vore mykje sykling på enkelte. Sjølv om planlagte løp som Trondheim-Oslo og Bergen-Voss vart avlyst, har ein fått vore med på fleire turer med å slå seg i lag med ei gruppe frå Førde. Vi deltok blant anna med to syklister på «Jotunheimen rundt» den 20.Juni Der vart det sykla 430 Km og 5000 høgdemeter på 17 timer. Elles har det vore mykje sykling lokalt i områda og haldt formen vedlike til det opner opp for dei aktuelle løpa igjen.

Friidrett/Sykkel

Ove Wolff

Årsmelding bogeskyting 2020

MAL sakliste idrettslag som følger NIFs regnskaps- og revisjonsbestemmelser

Kan sei det kort og enkelt at det siste året har det ikkje vore noke aktivitet med bueskytinga. Vi prøver å få samla oss og komt igang igjen, men har ikkje vore so enkelt å få tida til det. Men vi gjer ikkje opp og vil sjå om vi får til noke no fram mot sommaren. 

Mvh 

Endre Risnes 

MAL sakliste idrettslag som følger NIFs regnskaps- og revisjonsbestemmelser

Årsmelding 2020

Biljardgruppa

Bilete frå junior NM i Horten, der Oliver tok sin første NM- tittel og vart klubben sin 14. NM- vinnar.

Cato Corneliussen med sølv og Jarle/Astrid med fine 3. plassar!

2020 vart eit år vi har lyst å spole forbi, men det er nokre lyspunkt som vi skal ta med oss. Eg tenkjer då først og fremst på junior NM i Horten i februar 20. Lite viste vi då om alt som skulle komme, og at covid19 ikkje berre skulle sette ein stoppar for det meste av biljard- men rett og slett avgrense liva våre slik pandemien har gjort.

Kurt sa ein gong at av dei uviktige tinga- så er biljard mest viktig.

Dette utsagnet har eg tenkt over mange gonger, og det slår meg at det er faktisk sant. Gjennom godt 10 år så har eg sett ganske mange ungdommar finne glede og utfordring i sporten. Nokre av desse ungdommane har gjerne hatt litt mange «lopper» i blodet, men sporten sin karakter har hjelpt dei til å kontrollere seg sjølv betre. Krava til presisjon, strategi og psyke lærer dei til å roe ned og konsentrere seg. Eigenskapar som eg er overtydd om at dei tek med seg også i andre samanhengar. For dei fleste av oss medlemar, så er det gjerne avbrekket frå kvardagen og den sosiale ramma som er viktigast. Men, det er også fleire som har ambisjonar om å hevde seg både nasjonalt og internasjonalt. Slik har det vore lenge, og klubben byggjer sin aktivitet på akkurat desse tre områda:

  • rekruttering
  • breidde
  • topp

Så er det litt interne diskusjonar om kva som er viktigast klubben, og det kjem fram ulike meiningar om prioriteringar. Slik vil det vere og det er sunt med diskusjonar, så lenge ein aksepterer dei avgjerslene som vert fatta.

Eg meiner det bør gå fint å ha fokus på alle tre områda. Dei heng saman. God rekruttering fører til større breidde og igjen fleire som blir definert som topputøvarar. Stor breidde og gode resultat fører til auka interesse for sporten, som igjen fører til auka rekruttering. Det er ikkje tvil om at dei gode resultata blant juniorane våre i 2018 og 2019 førte til stor (media)interesse og igjen auka rekruttering.

Opning av ny salong i 2019 gjorde det lettare for fleire å delta. I 2019 så steig aktive medlemar med 30 % til 70. I 2020 så har medlemstalet gått ned att til rundt 60. Dette er likevel bra, når vi veit kor vanskeleg året har blitt.

Biljardsesongen 20/21 vart det lite, eller ingen ting av. Mangel på turneringar fører til at motivasjonen dett og aktiviteten blir halvveges. Det er uheldig i seg sjølv, og vi kjem lett inn i ein negativ spiral. Då er det gjerne like godt å ta ein pause- betre det enn at folk sluttar…

Eg kryssar fingrane for NM- veka i sommar, og at sesongen 21/22 blir bra!

Gjermund Flage

Leiar

MAL sakliste idrettslag som følger NIFs regnskaps- og revisjonsbestemmelser

Årsmelding fotballgruppa: Aldersbestemt og A-lag 2020

Vi legg bak oss eit år med mykje mindre aktivitet enn det vi hadde sett for oss.

12. mars byrja ein lang månad utan noko aktivitet og både trenarar og spelarar var veldig klar for oppstart då vi fekk klarsignal om det rund 14. april. Hil var i gang fyrste veka det var mogleg, det fleste kubbane i Sogn og Fjordane valde å vente ytterlegare. Vi har få lag i forhold til mange andre klubbar og det gjorde at vi lett kunne lage eit tilpassa opplegg med dei restriksjonane som låg før då.

Det var snakk om store begrensinga men over 1 månad utan å vere borti ein ball synst dei fleste det var kjekk å komme i gang igjen. I mindre grupper på maks 5 og ingen duellspel men minst 2m avstand vart med ein del passnings- og formasjonsøvingar på dei fleste. Etter kvart såg vi at dette var veldig einsformig, mykje honør til trenarane som var flinke til å finne nye øvingar slik at ein ikkje gjekk i same rytme heime tida.

Det var etterkvart miniputtane som fekk dei fyste kampane. Vi hadde ein fin gjeng til Dale på sin fyrste cup og med medalje rundt halse på veg heim gav dette definitivt meirsmak.

Utover hausen kom også resten av aldersbestemt seg i gang med seriespel. Vi hadde 2 lag som spelte serie og eit lag som stilte 7ar, turnering. Dessverre var det ein del utfordringar med turneringane pga. smitte, hovudsakleg utbrotet på Havyard. Fleire foreldre var litt bekymra for å sende ungane inn i ein kommune som hadde vore raud, etter mykje at og fram kunne vi ikkje pålegge nokon å komme eller reise. Dermed vart berre 1 av 3 turneringar spelt.

A-laget byrja året svært bra med over 30 i spelarstallen og jamt 14-18 på trening etter vinteren. Også A-laget var raskt igjen etter den ufrivillige pausen men dessverre dabba interessa av etter i månad med berre passningsspel og utan å vete noko meir om kortid det opna opp meir for dei eldste. Ein haldt det gåande ut på sommaren ut på seinsommaren var det berre rundt 6-7 på trening og ein såg ikkje at det var noko gnist igjen, verken i spelarane eller trenarar. Veldig syng då det ikkje har sett så bra ut pre-season som i 2020.

Senior fekk aldri klarsignal til å spele «fritt» igjen og vi ser no at det kan bli svært vanskeleg å starte opp igjen. Det vart etter kvart opna for trening med kontakt for dei under 20år, vi hadde nokre forsøk å stare opp igjen for denne gjengen men interessa var ikkje der. Dermed var det fleire av spelarane som skifta klubb få det var ein større tilbod for junior i nabokommunane.

Kan vere eit bilete av 5 personar og people playing soccerÅrets lag har vore: Blanding miniputt, J10, G12, J15-17, G15-17 (A-lag)


Tekstboks: 2013/14 var strålande fornøgde etter god innsats i sin første fotballcup.

John Gerick Bårøy
for fotballgruppa

MAL sakliste idrettslag som følger NIFs regnskaps- og revisjonsbestemmelser

Årsrapport Barneidretten/Idrettskulen Hyllestad Idrettslag -2020

Styret i barneidretten har i 2020/2021 bestått av

John Sverre Øen (leiar)

Roger Johansen

Camilla Akse

Gry Elnes.

Trenarar

For førskule og 1 klasse :             Anne-Lise Underdal

For 2-4 klasse:                                  Lance Arian Cardurnigara og Vilde Nordbø.

Barneidretten har i 2020/21 vore prega av ein miks mellom glade unger under kyndig leiing av dyktige trenarar og avlysinger som følgje av covid restriksjoner.

Treningane har vore i fleibrukshallen torsdager frå kl 17.00-18.00 for dei yngste og frå 18.00-19.00 for dei eldste.

Hadde som plan å starte opp med treninger rett over haustferien – 15 oktober. Men dette vart pga covid situasjonen i Hyllestad utsett ein veke til 22 oktober.

Det same gjaldt da også oppstarten etter juleferien. Denne var planlagt til 7. januar men måtte utsettast til 21 januar. Men vi er trass alt glade for dei treningane vi har kunne gjennomført. Det er mykje verre for andre grupper. Og er glade for at ein lengst mogeleg har prøvd å halde aktivitenane for yngre skjerma for dei mest omfattande covid restriksjonane.

Oppmøte på treningane har vore bra sett i forhald til situasjonen vi har vore i.

Mellom 15-19 kvar gang på dei yngste, men dei eldste hadde ein nedgang frå ca 16 til å begynne med og ned til ca 10 på slutten. Noko som er naturlig da handball/fotball/kulturskulen etter kvart starta opp igjen og ein del begynt med det.

Siste trening for året var 25 mars. Og da er det etter kvart «utandørsidrettane» som tek over.

Hadde også planer om at trenarane i den eldste gruppa (Vilde og Lance) skulle på aktivitetsleiarkurs i regi av idrettskretsen i Førde. Men dette vart dessverre første gang avlyst pga covid restriksjoner og andre gang avlyste pga for få påmeldte. Anbefaler neste års gruppe å følgje opp dette for 2021/22.

Torsdag 17 desember vart det arrangert juleavslutning i Kversteinparken (nissemarsjen) , med saft og pepperkaker.

Og så dukke  nissen opp også. Med både klementiner og sjokolade. Samt sang og løye. Takk til dei som stilet opp og hjalp til på arrangementet. Det være seg Røde Kors, nissemor, trenarar og hjelparar. Fint også at vi får bruke Kversteinparken til dette.

Styret og trenarar for 2020/21 takkar for seg og ønskjer neste styre/trenarar for 2021/22 lykke til.

Vi har fått ein kjempefin hall som må brukast MASSE. Den er heilt glimrande til å ha aktivitar for barn og ungdom i.

MAL sakliste idrettslag som følger NIFs regnskaps- og revisjonsbestemmelser

Årsrapport Fjelltrimgruppa 2020

Medlemer i 2020:

Laila Gudmundsos

Anita Høyum

Iben Langedal

Mona Birkeland

Bjørnar Kristiansen

Torunn Opedal

Franziska Rüttimann (leiar)

Målfrid Sognnes (vara)

Møte:

Fjelltrimgruppa hadde 1 møte i løpet av året (19. mai 2020) og kommuniserte elles via epost.

Lihestklyvet:

Lihestklyvet ble gjennomført for 30. gong 21. juni 2020, igjen i pøsende regnvêr!

Facebook-innlegg etter Klyvet:

Lihestklyvet 2020 var våt – akkurat som i fjor! Likevel nådde 30 spreke trimmarar toppen. Spesialpremie for 20. gong fekk Karine Hatlem Rønnseth, for 10. gong Malin Lavik Akse og for 5. gong Preben Akse. Gratulerer så mykje! Tusen takk til trimgruppa, Lifjorden Ungdomslag og Røde Kors for organisering og framifrå gjennomføring!

Pga corona-situasjonen så ein vekk frå eit opplegg som i 2019 der vi prøvde oss med «miniklyvet» saman med Barnas Turlag/Ytre Sogn Turlag.

Vedlikehald og merking av 18 stiar/toppar/Dagsturhytta:

Alle medlemer i gruppa har ansvar for ein eller fleire toppar og ryddar/merkar regelmessig. I 2020 og 2021 er det ekstra fokus på stien opp til Dagsturhytta som avsnittsvis er i veldig dårleg tilstand. Fjelltrimgruppa/HIL har søkt spelemidlar (500 000,-) og andre sponsormidlar for å oppgradere stien. Planen er å bygge ny sti med lokal stein og engasjere eit firma for dette.

Premiering av dei som har gått alle 18 toppar:

Første september ble alle turbøker på toppane utveksla med nye bøker. Dei som har gått alle toppar har innlevert skjema og fekk premie som vanleg (krus). Dette var siste gong at det fjelltrimmen vart organisert slik. Frå 2021 av satsar vi på TiTur Hyllestad der ein treng å gå berre 10 turar mellom 1.5. og 30.9.2021.

9.5.2021

Franziska Rüttimann (leiar fjelltrimgruppa 2020)

MAL sakliste idrettslag som følger NIFs regnskaps- og revisjonsbestemmelser

Volleyball 2020:

I starten av året trena vi som vanlig fram til og med 11. mars, med jevn oppslutning på i snitt 12-13 stk, litt feire onsdager, litt færre fredager.

Så ble det corona stengt, og åpna igjen 20. mai. Kor vi tilpassa oss med smitteverntiltak ihht anbefalinger og med forsterka reinhald. Med opphold/ferie i juli. Oppslutninga fram til ferien var omtrent den samme. Etter ferien vart oppslutninga på onsdager litt høgre med snitt på over 16, noko som er veldig bra. Mens det ble liten oppslutning på fredager og mange av disse fredagstreninger ble avlyst.

Her er fortsatt nokre ting som vi etterlyser:

Sak fra tidligere, antenner til nettene mangler. Det skulle sjekkes opp.

Vinsjene på nettstolpene skulle også sjekkes da de har en tendens til å «gleppe» i oppstramming.

Av og til har det stått et mål på middt på bane som ikke har blitt ryddet på plass av dei som har brukt dette.

Vi hadde planer om å arrangere ei mix turnering. Men alle slike ting gikk i vasken når pandemien slo inn.

Ellers har vi vi stort sett alt trenger. Kan alltid hatt påfyll med noen nye baller og oppbevaring for disse.

Takker alle som har vore med og spelt, for innsatsen både når det gjelder spel, samt også smittevern og tålmodighet i den forbindelse.

Jarle Løland

MAL sakliste idrettslag som følger NIFs regnskaps- og revisjonsbestemmelser

Badminton 2020:

I starten av året trena vi som vanlig fram til og med 9. mars, med jevn oppslutning på i snitt 5-6 stk, litt feire mandager, litt færre fredager.

Så ble det corona stengt, og åpna igjen 25. mai. Kor vi tilpassa oss med smitteverntiltak ihht anbefalinger og med forsterka reinhald. Med opphold/ferie i juli. Oppslutninga fram til ferien var omtrent den samme.

Etter ferien har vi hatt jevn oppslutning på snitt 5 stk.

i har hatt god kontroll på smittevern og alle har vore flinke å følge råd og anbefalinger. Er blitt en del ekstra på leder som har måttet sette opp/ta ned nett, vaske ekstra på toalett, desinfisere kontaktpunkt etc. i perioder har det kun vore lov til å spele single for å overholde avstands anbefalinger mtp smittevern.

Her er fortsatt nokre ting som vi etterlyser:

Det er dette med løsning på skillevegg mellom vest og midten, som kommer inn på baner.

Ellers har vi vi stort sett alt trenger.

Vi har blitt ganske få som speler fast, og trenger derfor hjelp med rekrutering. Alle som har lyst må berre komme.

Takker alle som har vore med og spelt, for innsatsen både når det gjelder spel, samt også smittevern og tålmodighet i den forbindelse.

Jarle Løland

Rekneskap 2020

Budsjett 2021

Val 2021: