Hyllestad Idrettslag eig Hyllestad Sentralidrettsanlegg og er majoritetseigar av Fleirbrukshuset Hyllestad. Det vert til ei kvar tid jobba med å vidareutvikle bygg og anlegg til betre standard og nye funksjonar. Idrettslaget har eit eige bygg- og anleggutval. No ventar vi i spenninga på at Hyllestadhallen skal bli klar og ferdig til bruk frå hausten 2019. For meir informasjon kan ein kontakte styremedlem Oddvar Hatlem.