Friidrettsgruppa har i hovudsak aktivitetar for aldersbestemt, men har også einskildutøvarar i vaksenklassen. I 2013 fekk gruppa endeleg skikkelege fasilitetar, då friidrettsanlegget rundt fotballbana vart ferdigstilt. Her har ein løpebane, teknisk sone og fleirfunksjonsbane for ulike ballspel.
Gruppa har hevda seg godt i fleire aldersklassar dei siste åra, og har hatt ei solid auke i tal aktive medlemmar. Gruppeleiar for friidrett er John Gerick Bårøy, som kan kontaktast ved å sende e-post eller via telefonnummer 97155107.
Tilbakeping: Årsmøtet vel gjennomført | Hyllestad Idrettslag·