Trimloftet

Trimloftet er eit tilbod frå Fleirbrukshuset og fysioterapien i Hyllestad, og inneheld ulike treningsapparat som multigym, tredemølle, spinningsyklar, romaskin og meir. Tilbodet er ope for alle som har betalt medlemskort. Medlemmar får tilgang på nøkkelkode til døra, og kan nytte seg av apparata når dei sjølv ynskjer. Ved spesielle arrangement i huset kan loftet bli stengt for bruk i kortare periodar.

Medlemskort vil frå 1/1/2018 finnast i tre kategoriar: Årskort, halvårskort og månadskort. Nedre aldersgrense for å trene på Trimloftet er 12 år. Er du mellom 12 og t.o.m 15 år, må du ha med deg ein betalande ansvarleg vaksen over 18 år når du trenar. Koden til dør inn til Trimloftet vil bli endra ved behov. Registerte medlemmar vil få koden tilsendt på SMS. Gjeldande prisar per 1/1/2018 er:

Årskort:
–  Det året du fyller 12 år t.o.m 15 år: 650,- (må vere i fylgje med ein betalande, ansvarleg vaksen)
– Det året du fyller 16 år og oppover: 1300,-

Halvårskort:
– Det året du fyller 12 år t.o.m  15 år: 400,- ( må vere i fylgje med ein betalande, ansvarleg vaksen)
– Det året du fyller 16 år og oppover: 800,-

Månadskort:
Det året du fyller 12 år t.o.m 15 år: 150,- (må vere i fylgje med ein betalande, ansvarleg vaksen)
– Det året du fyller 16 år og oppover: 300,-

 

Ta kontakt på telefon 95 23 22 62 for bestilling.