Historia til HIL

Hyllestad Idrettslag (HIL) –frå 1950 til idag

Hyllestad IL anno 2013

Hyllestad kommune har ca 1450 innbyggjarar, og ca 300, dvs. over 20%, av desse er aktivt med i Hyllestad Idrettslag (HIL). Idag har gruppa aktivitetar som famnar breitt; aldersbestemt fotball, fotball senior, bogeskyting, barneidrett, fjelltrim, biljard og friidrett. Vi har eit fantastisk anlegg for bl.a fotball og friidrett på kommunesenteret Hyllestad og vi har eit supert klubbhus.

Kort om HIL frå 1960 til idag

(frå Håkon Haukøy sin artikkel I «Sogeskrift frå Hyllestad 2010»)

Hyllestad IL vart skipa den 4. februar 1950, då som Sentrum IL. Åttitre personar frå Leirvik, Hyllestad og Åfjorddal var medlemmar frå fyrste stund. Først i april 1970 vart Sørbøvåg også inkludert. Den 13. mai 1950 vart klubben medlem i Norges Idrettsforbund, berre 3 månader etter oppstarten. Aktivitetar klubben har hatt gjennom åra er mange. Det starta med fotball, friidrett, handball og skeiser; vidare symjing og terrengløp.  Dei fleste av desse idrettane er fortsatt ein del av HIL. I 1988 fekk klubben namnet «Hyllestad IL»,  og sidan har laget fortsatt å vere ein viktig arena for å samle menneske frå heile kommunen.  Meir om historia til HIL og sentrale personar som har involvert i leiing og utøving kan ein lese i «Sogeskrift frå Hyllestad 2010».

Både i 1950 og fortsatt, over 60 år seinare, er idrettsaktivitetar i regi av HIL staden der barn, unge og eldre møtast og staden der nytilflytta blir kjent med bygdefolket. Laget er ein sentral trivselsfaktor i nærmiljøet og ein viktig fritidsaktivitet, spesielt for unge. Vi treng engasjerte, driftige menneske rundt oss og eit miljø som inluderar alle. HIL vil stå for akkurat desse verdiane og vil vere ein aktiv del av det å vise at Hyllestad kommune er ein god stad å bu.

HIL som samlingsstad; Idrettsanlegg og Fleirbrukshus

Alleireie frå oppstarten av HIL jobba ein for treningsbane og samfunnshus i tilknytning til bana. Frå årsmelding og brev datert året 1950 finn vi «Gruppa har arbeida godt i året som gikk, men vi har mange vansker å kjempe mot da laget mangler skikkelig treningsbane…», og vidare «Og ligedan bør det gjøres plass for et slags samfunnshus, med gymnastikksal, apparatrom, scene for riksteater, maskinrom for kino, kjøkken og lignende. ..». Vyene var store den gang, og er fortsatt store. Ulike stader vart foreslått for ein idrettsplass og mykje arbeid vart lagt ned. Fyrst i 1974 stod det ein fotballbane klar på Hyllestad. Fleirbrukshuset vart ein realitet på same staden i 2004. Vi har i skrivande stund (2012) akkurat fått på plass eit nytt idrettsanlegg på Hyllestad. Fotballbana har fått nytt topp-moderne kunstgrasdekke, og i løpet av 2013 vil vi også få på plass løpebane, volleyballbane, tennisbane og tilrettelagt anlegg for andre friidrettsaktivitetar. Dette vitnar om ein stor vilje, stort pågangsmot og fantastisk dugnadsånd i kommunen.

Kommenter innlegget