Fjelltrim

TiTur Hyllestad

Fjelltrimgruppa, Ytre Sogn Turlag og Barnas Turlag inviterer til TiTur Hyllestad. TiTur Hyllestad blir gjennomført fyrste gong i 2021, så dette er eit testår.

Målet er å gå 10 turar mellom 1. mai og 1. oktober 2021. Barn opp til 13 år og vaksne over 67 år må gå minst 5 av turane for å få premie.

Turar: Hesjetinden, Sørefjordhytta (Dagsturhytta), Kolgrovheia, Rossvikheia, Torgeirsletta, Robba, Risnesnipa, Gapahuken ved Langesjøen, Grillhytta Skogsvegen Panorama (på veg opp til Sauesnyken), Ungdomslagshytta ved Heggetjønna

Premiering: Alle som fullfører får premie og er med i trekkinga av 3 gåvekort (1000,- kvar). Blant barn t.o.m. 13 år blir det i tillegg trekt 3 hengekøyer.

Instagram-konkurranse: Blant instagrambilete som er lagde ut med emneknaggen #titurhyllestad2021 (hugs open profil) blir det trekt eit gåvekort.

Innsjekking: Nytt mobilappen SjekkUT, der du kan registrere deg og alle turar.

Innlevering: Last ned turkortet her og trykk det ut, så kan du klippe ut den nederste delen og notere alle turar. Turkortet leverast innan 10.10.2021 i papirform på biblioteket der alle får ei premie. Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person.  Dei store premiane vert trekt etter 10.10.21.

Spørsmål kan stillast Mona Birkeland (97 96 81 31), Anita Høyum (95 07 62 05) eller Katarzyna Lylund (41 47 09 07).

LIHESTKLYVET 2021: Søndag, 20. juni 2021

CORONA: Fjelltrimgruppa/HIL som arrangør vil ta omsyn til alle smittevernsreglar slik at det er trygt å gå Klyvet.
Meir info kjem.

Om Fjelltrimgruppa

Fjelltrimgruppa er ansvarleg for fjelltrimmen, som har postar på fjelltoppar i heile kommunen. Gruppa driv også med stimerking, rydding, registrering av besøk på toppane, og er arrangør av det årlege Lihestklyvet. Turkart for Hyllestad og Fjaler kan kjøpast på kommunehuset og på butikkane i kommunen.
Gruppeleiar er Anita Høyum (95 07 62 05).

2 responses to “Fjelltrim

  1. Tilbakeping: Årsmøtet vel gjennomført | Hyllestad Idrettslag·

  2. Tilbakeping: Lihestklyvet | Hyllestad Idrettslag·

Kommenter innlegget