Bli medlem

Hyllestad IL nyttar no «Min idrett» til å administrere medlemsinformasjon og medlemskontingent/treningsavgifter

 Brukarprofil

Alle medlemmar i Hyllestad IL bør opprette eigen profil på «Min idrett». Gå til nettsida https://minidrett.nif.no. Klikk på linken Ny bruker øvst i høgre hjørne og fyll inn alle opplysningar. De vil deretter ha høve til å logge på med Logg inn knappen på heimesida.

Når de har logga på vil ein brukarprofil opne seg. Her kan ein sjølv legge inn informasjon. Me anbefaler at de går til ein link på høgre side Legg til familie der ein kan kople på mindreårige barn. Ein kan også kople på ektefelle/sambuar, men ektefelle/sambuar må  godkjenne dette. Når dette er gjort vil du ha tilgang til alle sine brukarprofilar og betalingskrav på di side.

 

Fakturering medlemskontingent/treningsavgifter

Alle medlemmar i HIL er registrerte i «KlubbAdmin». Dette er ein database hos Norges Idrettsforbund som samlar all medlemsinformasjon. Dette nyttar vi til rapportering og for å handtere fakturering.

Me sender no ut faktura frå denne databasen som de vil få som e-post (evt. brev dersom de ikkje har registrert e-post). Fakturainformasjonen vil de også finne i dykkar brukarprofil på «Min idrett» (sjå ovanfor). De kan betale faktura online via «Min idrett» eller med KID via nettbank/bank.

NB! Dersom de betalar faktura via nettbank/bank vil de måtte betale ein faktura for medlemskap og ein faktura for kvar treningsavgift. Dersom de betalar via  «Min idrett» vil de kunne betale alle fakturaene samtidig. ME ANBEFALAR  AT DE BETALAR VIA «MIN IDRETT» !!

Når det gjeld Familiekontingent vil alle registrerte i familien motta varsel om betalingkrav i «Min idrett» (dersom e-postadresser er registrert). Når ein person betalar kontingenten, vil alle i familien få kontingenten registrert som betalt.

Ta kontakt dersom de lurer på noko.

Viser elles til brukarrettleiing: https://itinfo.nif.no/Min_idrett_brukerveiledning.
Support:  minidrett@support.no.

 

Medlemsansvarlege HIL: Unni Systaddal og Kari Virkesdal

Kontaktinfo: leiar@hyllestadil.no

For 2019 gjeld desse satsane:

Medlemskontingent:

Familie (2 vaksne + barn): 600,-
Vaksen (over 18): 350,-
Born (under 18): 200,-

Treningsavgifter:

Aldersbestemt;

  • Barneidrett kr. 250,-
  • Miniputt kr. 250,-
  • Andre aktivitetar kr. 350,-

Vaksne;

Fotball: 1200,-
Biljard: 1200,-
Bogeskyting: 500,-
Herretrim: 500,-
Friidrett: 500,-

 

1 responses to “Bli medlem

  1. Tilbakeping: Nytt system for medlemsadministrasjon | Hyllestad Idrettslag·

Kommentarfeltet er stengt.