Lihestklyvet

Kvar tredje søndag i juni gjennomfører fjelltrimgruppa det tradisjonelle Lihestklyvet! Startpunkt er Lekva i Lifjorden der du kan parkere. Du registrerar deg og følgjer så ein godt merka sti opp til 3L-Stølane der du får servert «gygreskvetten» – ein løyndomsfull styrkedrikk frå sjølvaste Gygra! Så går turen vidare opp til Gygrekjeften (710 moh.) der du blir lønna med fantastisk utsyn. Info om det aktuelle Lihestklyvet finn du her.